Click on this banner and you get "Dagsavisen", Norway. Sakset fra en serie der norske forfattere skriver om artister de er glad i:

Kva skjedde med Terry og Julie?

Kva var det som gjorde at ein på eit bestemt tidspunkt oppdaga at ein berre gjekk og lengta etter neste Kinks-singel?

TEKST: RAGNAR HOVLAND
Publisert : 14.07.2001

Første gongen eg høyrde om The Kinks trudde eg naturleg nok at dei heitte The Kings. Det gav meining, «kinks» var ikkje noko ord. Ikkje lenge etter visste eg betre. Eg visste også at medlemmene av bandet var brørne Ray og Dave Davies, Mick Avory og Pete Quaife. Dei to siste skulle kome til å forsvinne frå bandet og frå musikkhistoria få år etter, og eg er vel den einaste som hugsar namnet på desse to i dag. Seinare hugsar ein ingen andre av alle dei som har spelt med Davies-brørne. Og The Kinks blei for all framtid Ray og Dave, dei to karane frå Muswell Hill i Nord-London med det til tider turbulente forholdet.

Begge kunne synge og begge kunne spele. Begge kunne faktisk også lage songar, sjølv om Ray var i ein litt annan divisjon enn veslebroren. Til gjengjeld var denne betre på gitar. Såpass god at Clapton lenge blei mistenkt for å ha gjort jobben hans med gitarriffet på «You Really Got Me». (Og ein skal ikkje gløyme Daves tre flotte singlar.) I denne første tida, då underteikna heldt på å sleppe popmusikken inn i livet sitt, var ikkje The Kinks større og viktigare enn ganske mange andre. Tekstane oppfatta ein ikkje likevel, og både Beatles og Rolling Stones var større på dei fleste måtar, såpass skjønte ein.

Kva var det så som gjorde at ein på eit bestemt tidspunkt oppdaga at The Kinks var blitt ein essensiell del av livet, noko ein ikkje heilt klarte seg utan, og at ein berre gjekk og lengta etter neste Kinks-singel?

Vanskeleg å seie, sjølvsagt. Sjølv om god popmusikk utan tvil er det viktigaste i menneskelivet, så skal ein likevel ikkje ta den for alvorleg. (Og det er heldigvis ingen som har starta ein kampanje for å gi Ray Davies nobelprisen i litteratur.) Og det er vel så enkelt som at det var gode songar, nokre av dei beste som 60-talet kunne framby, på rett tidspunkt. Og ein ting til: The Kinks var på sitt beste så gjennomført engelske, på ei tid då dei fleste av konkurrentane (med unntak av Beatles) prøvde å vere så amerikanske som muleg. Songane til Ray Davies er gjennomsyra av dei engelske fargane, grøne plenar og raude forstads-mursteinshus. Popmusikken er som kjent også ein kamp mellom USA og Storbritannia, og for dei av oss som utan tvil heiar på sistnemnde, vil The Kinks nødvendigvis få evig heltestatus.

Og likevel er det jo noko som er feil med ein del av Davies sine songar. Han kan bli for mykje satirikar, slik at ein ser at han berre tar avstand frå dei han skriv om. Slik blir t.d. «Dandy», «Dedicated Follower of Fashion» og «A Well Respected Man» songar det blir vanskeleg å like. Ja, sjølv den vakre «Shangrila» er problematisk. For no berre å nemne nokon.

Men her merkar lesaren at det er den vaksne og rasjonelle og velutdanna skribenten som talar. Som svarer på spørsmålet: Kvifor var Kinks bra? med: Jo, fordi Ray Davies betre enn nokon har skildra engelsk (lågare) middelklasseliv i ein overgangsperiode? Jo, fordi Ray Davies er ein elegant satirikar, fordi han betre enn nokon har skildra England i etterkrigstida på ein bitande ironisk måte?

Slikt kan ein seie, mens alle jo forstår at det eg meiner er at Ray Davies skreiv noko av den aller beste og mest fengande popmusikken i si tid, musikk som var både sentimental og ironisk og så utruleg fin å høyre på når ein var ulykkeleg forelska og kjende seg åleine. (Den som lir mest av etterrasjonalisering er sjølvsagt Bob Dylan. Kan ikkje nokon snart seie at han er bra fordi han speler god og rufsete rock'n'roll?)

Det betyr kanskje heller ikkje så mykje, men ein skal ikkje unnlate å nemne The Kinks sin vedvarande kredibilitet (mens deira samtidige heldt på å drukne i psykedelia, sat Kinks heime ved kjøkkenbenken) og deira anti-dinosaur-haldning, som førte til at dei som nesten den einaste av farsgenerasjonen slapp å bli hata av den nye bølgja, og både Elvis Costello, The Jam og Ian Dury har lært fine triks av The Kinks. Costello spelte inn «Days», The Jam fekk ein hit med «David Watts», Pretenders tok for seg den meir obskure «Stop Your Sobbing», og Ray Davies viste seg til gjengjeld som ein mann ved å setje barn på Chrissie Hynde.

Og så gjekk åra, som kjent, og The Kinks fortsette å lage musikk og spele konsertar og den einaste gongen eg har høyrt dei laiv var i Frognerbadet i Oslo for nokre få år sidan. Det var Ray og Dave og eit band som kunne vore omtrent kven som helst. Dei spelte det ein ønskte at dei skulle spele (unntatt «Dead End Street», så vidt eg kan hugse) og det var nok. Dave var stadig flink på gitaren, Ray var i godt humør og skifte antrekk fleire gonger og balanserte ein halvliter øl på hovudet. Dei hadde sjølvsagt ikkje noko nytt å melde, og det var heller ikkje meininga. Dei hadde gjort sitt, og dei visste det og var stolte av det. Dei har også laga mykje middelmådig musikk, men har aldri skuffa.

Det er det ein kallar å eldast med verdigheit, og Ray er blitt ein aldrande gentleman som reiser rundt med sitt heilt upretensiøse «Storyteller»-show, der han betre enn nokon oppsummerer engelsk popmusikks tidlege historie. Dukkar han opp på ein scene nær deg, kan du gjere atskillig verre ting enn å gå og høyre på.

APPENDIX:

Det kan synast som ei umuleg oppgåve å kåre det beste av alt det The Kinks har gjort. Dei var aldri først og fremst eit album-band, det er singlane ein hugsar. Ray Davies er utan tvil på sitt beste når han både er sentimental og satirisk, kjærleg og beisk. Når han sørger over det England som held på å forsvinne og ironiserer over det moderne. Og aller best gjer han det nok på albumet «Village Green Preservation Society» frå 1968, i følgje ein kritikar «one of the few concept LPs of the '60s that worked».

Når det gjeld singlar er det verre. Korleis kan ein setje «Sunny Afternoon», «Waterloo Sunset», «Dead End Street» og «Autumn Almanac» (og kanskje eit par til) opp mot kvarandre og velje ein? Må ein, så må ein, og då blir det «Waterloo Sunset», så sann og så trist, med Terry og Julie som for alltid møtest på Waterloo Station. Ray Davies på sitt beste og ein av dei beste låtar i verdenshistoria.

-----------------------------------------

Ragnar Hovland (49)

Nevner The Kinks allerede i debutboka «Alltid fleire dager» (1979). Har siden utgitt over 30 bøker - romaner, barnebøker, dikt, essays.

Skriver ofte om popmusikkens altoppslukende virkning på menneskene, blant annet i den klassiske novellen «Då rocken kom til Fusa kommune» (1981).

Ga ut EP-en «Trøysteslaus Hotell» i 1987. Spiller trekkspill m.m i nynorskbandet Dei Nye Kapellanane, som ga ut albumet «Living Next Door To Alice Cooper» i 1999.

«Dei folka eg beundrar mest her i livet, er popmusikarar», skriver han i sin siste bok «Åleine i Alpane»

Ragnar Hovland har vanskelig for å kåre en Kinks-favoritt. Se appendix.

---------------------------------------------

The Kinks
Dannet av brødrene Ray og Dave Davies i 1963, i dagligstua hjemme i Muswell Hill i London.

Slo igjennom med «You Really Got Me» i 1964, og ble et av 60-tallets mest populære band med hitlåter som «Sunny Afternoon», «Waterloo Sunset» og «Days».

Mistet taket på hitlistene utover på 70-tallet. Fikk en liten renessanse med «Come Dancing» i 1983.

De siste årene har Ray Davies reist rundt med sitt «Storyteller»-show, de han leser fra selvbiografien «X-Ray» og synger gamle sanger. Dave Davies turnerer i sommer med gruppa The Kink Kronikles.

The Kinks gjorde sin hittil siste konsert 15. juni 1996, på Norwegian Wood-festivalen i Oslo. Framtida er like tvilsom som forholdet mellom brødrene Davies.